top of page

Styremøte Skjåk hestlag

Stad: Heime sjå Randi Grete

Tid: 16.01.24, klokken 20.00

Oppmøte: Randi Grete Linnerud, Anne Sæter, Sigrid Mæhlum, Tor Taraldsrud, Åsne Hågå, Malene Dagsgard og Marit Brekkum

 

Saksliste:

Kontingent og medlemskap 23/24

- Nokre medlemmar har ikkje fått faktura på kontingenten sin og difor ikkje betalt. På styremøtet blei det enstemmig vedtak på at det skal betalast for fjorårets sesong(2023).

- I styret er ikkje alle medlemmar, nokre foreldre, og andre har ikkje vore det på nokre år. Dette er ein miss frå når det blei valt nye inn i styret, der det ikkje har vore god nok sjekk i reglement. Det var heller ikkje informert til dei invalte. Her blei det vedtatt at dei skal sleppe å betale for fjoråret. Det vil også bli sett nærare på reglement og teke til vurdering under årsmøte korleis vi ynskjer å gjere ved seinare val.

Kakesalg

Dette var eit tiltak for å få inn litt penger til blant anna horv. Den er komen, og vil bli pakka ut til sommaren. Det blei vellykka med eit godt sal. Noko vi kan gjere på nytt seinare.

Medlemskveld? Spørreundersøking? felles info kveld?

Vi i styret ynskjer å få til ein medlemskveld. Tidligare har det ikkje vore lett å få til da det er lite påmelding. Vi håpar difor at det kan vere til interesse å samle Skjåk, Lom og Vågå til ein felles medlemskveld.

Marit vil lage ei spørjeundersøking som går til medlemmar eller interesserte. Her vil det bli spurt om ulike interesser ved medlemsskap, og kva som er ynskje med å vera medlem.

Grønt kort i februar

Det blir grønt kort hovedkurs 23. februar, med rideprøve 25. februar.

Randi Grete Linnerud er ansvarleg

Trening i klubb regi? Sosialt sammvær?

Marit og Åsne vil sjå på moglegheita for å få til ei felles sosial helg, med trening og/eller sosialt samvær for dei som måtte ynskje dette. Vi håper å få gjort det på vårparten.

Anlegget nå ut vinteren? Brakka, konteiner brøyting.

Det blei bestemt at bana vil bli preppa til helger eller uker med godt vær. Randi Grete er baneansvarleg og vil ta ansvar for dette, i samråd med resten av styret. Det vil bli lagt ut informasjon fortløpende for medlemmer

 Bestemme årsmøte dato og planleggingen fram mot det.

Det blir årsmøte 21. mars, det blir difor eit styremøte ang. dette 30. Januar. Vi ynskjer å få ut invitasjon, infoskriv og sakspapira så fort det lar seg gjere.

 

Referent: Marit Brekkum

bottom of page